Heim

Frøy Svarthyll består av 100% økologisk norsk svarthyllbær. Svarthyll er kjent frå folkemedisinen for styrking av immunforsvar og som middel mot forkjøling og influensa.

Om produktet

Produksjonen har vorte bygd opp over lang tid i nært samarbeid med institusjonar innan planteforsking og ernæringsvitskap. Vitskaplege analysar syner at både bæra og det ferdige produktet har svært høgt innhald av viktige antioksidantar.

Svarthyllbæra er dyrka og foredla på garden Hatleli nedre i Fresvik i Sogn. Kaldpressa svarthyllsaft vert vakuuminndampa ved 50 °C til 3-dobbel styrke og pasteurisert på flaske. Produktet består av 100% svarthyll og er utan sukker og andre tilsetningar. Frøy svarthyll har eit høgt innhald av hyllebær – ei flaske (200 ml) inneheld saft frå ca 0,8 kg bær.

Meir om virkemåten

Det er ein del forsking som støttar opp om at svarthyll kan ha god helsebringande effekt.

Svarthyllbær har svært høgt innhald av antoksidantar med god verknad, og dette er ein viktig del av av forklaringa på at saft av svarthyllbær styrkar helsa vår. Fleire vitskaplege artiklar viser at svarthyllbær kan ha verknad mot infeksjonar.

Ei doktoravhandling ved Farmasøytisk Institutt, Universitetet i Oslo stadfestar også dette, i tillegg har doktorgradsarbeidet vist at stoff i svarthyllbær ser ut til å kunne motverka diabetes type 2. Dette er laboratorieforsøk, og det trengs vidare forsking.  Diabetes type-2 er eit aukande problem, ein reknar med at 350 000 personar i Noreg er ramma av dette.

Du kan laste ned og lesa brosjyren vår  HER

Kvar får du kjøpe Frøy Svarthyll?

Uansett kvar du bur i landet kan du bestille Frøy Svarthyll på nettet hjå Kinsarvik Naturkost – eller direkte i frå oss ved kjøp av minst 10 flasker.

Her finn du oversikt  over butikkar som fører Frøy Svarthyll. Alle butikkar i landet kan bestille Frøy Svarthyll hjå grossisten Goodlife Norge AS avd Engros i Bergen.

Siste innlegg

Forsking om virushemmande effekt av svarthyllbær

Forsking frå Australia stadfestar tidlegare forskingsresultat som viser at svarthyllbær har virushemmande verknad. Men det som er nytt i denne artikkelen, og som har overraska forskarane i denne studien, er at hemming av virus er enda sterkare etter at ein har fått influensa i kroppen enn i den tidlege fasen av influensaen. Dette stemmer godt … Fortsett Forsking om virushemmande effekt av svarthyllbær

Flere innlegg